Skrivetips

Éin kommaregel som gjer stor skilnad!

Hugs at to sidestilte setnader, dvs. to heilsetnader eller to leddsetnader, alltid skal ha komma.

Disponér og del opp!

Før du byrjar sjølve skrivinga, er det lurt å setje opp ein disposisjon kor du gjer det klart for deg sjølv kva som må vere med i teksten. Det gjer skrivinga mykje enklare, og lesaren får inntrykk av at du verkeleg kan det du skriv om. Nytt avsnitt slik at du skiljer ulike undertema i teksten. Eit avsnitt bør ikkje gå over mykje meir enn ti liner. Underoverskrifter er ein god ting.

Nytt færre parentesar og notar!

Ein parentes skal berre nyttast om det som står i parentesen, kan fjernast utan at meininga i teksten går tapt. Elles kan det like godt stå utan parentes. Noter gjer lesinga springande og ukonsentrert. Nytt notar berre der du ikkje kan integrere innhaldet i sjølve teksten.

Variér uttrykksmåten!

Å ta opp att same ord eller uttrykk i mange setnader, gjer teksten dårleg. Om du varierer ordbruken og uttrykker bodskapen på fleire ulike vis, vil lesaren lettare hugse det du har på hjartet.

Unngå for mange bodskap samstundes!

Det er inga skam å setje punktum. For lange setnader med mange ledd gjer det vanskeleg å forstå bodskapen. Hugs at lesaren ofte ikkje har like godt oversyn over emnet som det du har.

Subjekt og verbal bør kome so tidleg som mogleg!

Sett inn desse so tidleg som mogleg i setnaden. Det gjer det lettare for lesaren å orientere seg.

Tenk på målgruppa!

Ha lesaren i tankane, og still spørsmålet: Er dette lett å forstå for dei eg vil nå fram til?

Skriv klart og aktivt!

Nytt eit språk som òg kunne vore nytta munnleg so langt det er mogleg. Unngå mange passive former, so får du ein meir personleg tekst.

Unngå for mange framandord!

I dei aller fleste høve finst det like gode norske ord. Særskilt er det viktig å unngå engelske uttrykk som ikkje er naudsynte.